Tenester

Home / Tenester

TENESTER

Design- og fototenester for deg og di bedrift!

Visuell identitet

Skal du starte ei bedrift og treng hjelp til design av logo og utforming av visuell identitet? Eller kanskje du allereie har ei bedrift, men ynskjer å skilje deg meir frå konkurrentane og gi kundane dine eit betre inntrykk av bedrifta di?

Ein visuell identitet er den samlinga av visuelle element som er med på å skape eit heilheitleg uttrykk hos ei bedrift. Dette vil seie den logoen, grafiske element, fargar, fontar og bildestil du implementerar på nettside, sosiale medium, skilt, posterar og anna profileringsmateriell. Ein god visuell identitet formidlar bedrifta sine verdiar, og gjer at bedrifta lett vert gjenkjent.

Logo

Eg tilbyr også design av kun logo. Treng du ein logo til den nyoppstarta bedrifta di, eller kanskje du berre vil ha ein ny logo som betre representerar bedrifta di? Eg kan også lage logo til arrangement, band, idrettslag, osb.

Nettside

Det vert stadig viktigare for bedrifter å vere synlege på nettet, og i tillegg til sosiale medium er nettsider den staden kunden først og fremst leitar etter informasjon om di bedrift. Kva nettsida di bør innehalde kjem heilt an på kva type bedrift du har, men det viktigaste er at den er der, og at den er lett å bruke. Sosiale medium er flott til å nå ut til mange på kort tid, men tilbyr ikkje ei like god oversikt som ei nettside gir.

Eg både designar og utviklar nettsida basert på dine behov. Med bruk av WordPress kan du enkelt halde nettsida oppdatert sjølv, og nettsidene eg utviklar er sjølvsagt tilpassa mobil.

Profileringsmateriell

Eg tilbyr også design av profileringsmateriell som visittkort, timekort, plakatar, gåvekort, brevark, brosjyrer, magasin, annonser, skilt, osb.

Fotografi – Bedrift

Fotografi er eit viktig verkty for å visualisere bedrifta di for kundar. Anten du ynskjer illustrasjonsbilete til bruk på nettside og sosiale medium, foto av ansette, tenester, lokale eller arrangement så kan eg hjelpe deg!

Fotografi – Privat

Eg tek også på meg fotooppdrag for privatpersonar. Har du lyst på nye bilete av deg sjølv, eller treng du fotograf til fotografering av born, familie, vennegjengen, konfirmant, bryllaup osb, så er det berre å ta kontakt!