Om Myrvold Design

Home / Om Myrvold Design

OM MYRVOLD DESIGN

Skaper gode inntrykk

Myrvold Design er eit lite foretak basert i Ørsta, drive av Synne Øye Myrvold. Eg tek på meg arbeid innan design, nettsideutvikling og foto for små og mellomstore bedrifter, organisasjonar og privatpersonar. Mitt mål er å skape gode inntrykk, anten gjennom utvikling av logo og visuelle identitetar, design av profileringsmateriell, design og utvikling av nettsider, eller gjennom fotografering. Det vert stadig viktigare for bedrifter å vere godt synlege, særleg på nett og sosiale medium. Difor har ein god logo og visuell identitet, ei oppdatert og mobiltilpassa nettside, samt illustrerande bilete av god kvalitet mykje å seie for kva inntrykk kundar får av di bedrift.

Om Synne

Eg er utdanna Visuell Kommunikatør ved Høgskulen i Sørøst-Norge, og er for tida i gong med mitt første år på “Master in Media Practices” med fordjupning i design ved Høgskulen i Volda. I tillegg til design har fotografering i mange år vore ein av mine store lidenskapar. Eg har drive med foto på hobbybasis sidan 2008 og har teke eit år på fotolinja ved Sund Folkehøgskule, i tillegg til at eg har erfaring frå fotooppdrag frå blant anna EiendomsMegler 1 i Ørsta, Deevote, Ulstein og Amfi Ørsta.

Lurer du på noko?

Ta kontakt på Facebook, send ein mail til myrvolddesign@gmail.com, eller fyll ut kontaktskjemaet under!